ÅRSMØTE AVVIKLA - LITT NYTT FOR MEDLEMER I KLUBBEN

Årsmøtet vart avvikla onsdag 23.februar. Av nyhende kan nemnast at kontingen vart auka noko, etter å ha vore fryst i fleire år. Sjå under fana medlemskap for dei nye satsane.

Økonomien i klubben er framleis god, sjølv om me gjekk med underskot i 2021, ikkje minst pga utgifter i samband med utbetring av klubbhuset.

Medlemskapen i klubben har auka litt, og ligg på om lag 50(dette talet inkluderer 20 familiemedskap, slik at totalt tal på medlemer er i overkant av 70).

Aktiviteten på banane(og inne i hallen), har ikkje vore betre på mange år, og me vonar det kan halda fram iår. Luis, Holger, Sigbjørn og Natalia har sytt for god turneringsleiing.

Val til styre; dei aller fleste tek eitt til to år til. Eirik held fram som leiar(2 år), og Sigbjørn tek eitt år til som nestleiar. Som nytt styremedlem kjem inn Arild Andersen, som me vonar kan bidra positivt m.a. når det gjeld integreringstiltak.

Då satsar me på eit godt tennisår 2022!

Styret

NB: HUGS Å BETALA KONTINGENTEN, HELST INNAN 1.MAI! BRUK GJERNE VIPPS 113270. MERK INNBETALINGA MED KONTINGENT 2022 OG MEDLEMSKATEGORI.

SLUTT PÅ "GRATISTIMAR" I RACKETHALLEN

Stord kommune har erklært at frå 1.oktober 2021 må racketidrettane betala for timar i Rackethallen, i og med at den 5-årige avtaleperioden då gjekk ut. Me har i denne tida hatt nokre såkalla “gratistimar” som ei form for nedbetaling for det dugnadsarbeidet klubbane gjorde då hallen vart reist, og me har meint at avtalen skulle gjelda heilt til hallen vart “skrota”, men som kjent står hallen framleis, og kven veit kor lenge? Me har begynt å betala for timar i haust, og dei av medlemene våre som brukar hallen betalar ein del av desse pengane til klubben, slik at timeprisen kan dekkjast.

Les Sunnhordland sin artikkel om saka(krev innlogging): https://www.sunnhordland.no/nyhende/stord-kommune-set-hardt-mot-hardt-slutt-pa-gratistrening-i-rackethallen/

DOUBLEMEISTERSKAP TIL FAR BJARTE OG SON PETTER SKIMMELAND

Endeleg kunne doublefinalen i årets SM spelast, og det måtte skje innandørs i Rackethallen pga våte banar ute. Far Bjarte og son Petter Skimmeland gjekk opp mot Arild Andersen og Torstein Rasmussen, og vann i strake sett 7-6, 6-3.

På biletet ser me Petter og Bjarte saman med Bjarte sin andre son, Robin(oppkalla etter Robin Sôderling, svensken som slo Rafael Nadal i 4.runde i French Open 2009 og bana vegen for at Roger Federer kunne ta sin første og einaste Grand Slam-siger på Roland Garros).

BETALING FOR INNETIMAR I RACKETHALLEN TIL TRENING OG SPEL

Stord tennisklubb innfører no betaling for MEDLEMER som nyttar innetimar i Rackethallen til trening og spel(ikkje kurs). Dette pga kostnader med å driva eit bookingsystem og andre administrative utgifter. Pris pr time pr deltakar er sett til kr 75 i single og kr 50 i double. Spelar du t.d. to timar single vert det kr 150, medan i double er det kr 100.

Betal for kvar time du brukar på VIPPS 113270, direkte til Stord tennisklubb.

Styret

Info om rackethallen timeleier
Gå til booking

SM 2021 - TROND HALDORSEN VANN A-KLASSEN, BENJAMIN EIDET JUNIORMEISTER

SM 2021 er nesten ferdigspela, og på fredag vart Benjamin Eidet juniormeister med å vinna 6-3, 5-7, 6-1 mot Ole Eidet, medan Trond Haldorsen kapra titelen i A-klassen idag med siger mot same Eidet, i ein sers spennande og til dels velspela kamp med sifra 4-6, 6-1, 6-4. Alle desse er frå Bømlo, medan stordspelarane har måtta ta til takke med å vera deltakarar, for det meste. I doubleklassen står det i finalen mellom far og son Bjarte og Petter Skimmeland, mot Arild Andersen og Torstein Rasmussen.

Turneringa har vore leia av Holger Iversen og Luis Soto, med litt hjelp frå nokre andre i styret.

HS

På biletet ser me til venstre Benjamin Eidet, vinnar av juniorturneringa og runner-up i seniorklassen, og til høgre vinnaren av klasse A - Trond Haldorsen.

Stord mesterskap 2021

SM 2021 ER GODT I GANG, NOKRE KAMPAR STÅR FRAMLEIS ATT

SM 2021 har gått rimeleg greitt unna, med gode speletilhøve stort sett. I juniorklassen er Benjamin og Ole EideT klare for finalespel, medan same Benjamin ventar på finalemotstandar i senior, der Trond Haldorsen eller David Furu vert opponent. I double står nokre kampar att, medan Markus og Rune Bekkevold alt har vunne mix-klassen med 3 av 3 vunne kampar. Då vonar me at dei attverande oppgjera snart er ferdigspela, og vinnarane kan kårast.

Sjå resultata her: https://ntf.tournamentsoftware.com/tournament/8F5A4442-5592-4F6F-8EFC-E5658822C8A2

SOMMERCUP 2021 ER NO FERDIGSPELA, OG SM 2021 TAR TIL STRAKS

NO ER OMSIDER SOMMERCUP 2021 FERDIGSPELA, OG ME GRATULERER TROND HALDORSEN MED SIGER I SINGLE(VANN FINALEN MOT OLE EIDET 6-4, 6-1), OG SAME MANN PÅ LAG MED TORSTEIN RASMUSSEN, SOM VANN DOUBLEFINALEN MOT ARILD ANDERSEN OG RUNE BEKKEVOLD MED 6-1, 3-6, 6-3. NO STÅR SM 2021 FOR TUR, PÅMELDINGA ER AVSLUTTA OG TREKKING GJENNOMFØRT. ME SATSAR PÅ RASK OG GREI GJENNOMFØRING OG MANGE GODE KAMPAR I SM!

BILETET SYNER TROND HALDORSEN TIL HØGRE(KENNETH FURU TIL VENSTRE).

STK inviterer til SM-2021. Påmelding og plan for turneringa.

Stord tennisklubb inviterer til SM-2021, i single og double, for første gang på fleire år. Les gjennom dette skrivet av ansvarleg turneringsleiar Holger Iversen:(NB! tillegg om 1.runde)!

 

Gjennomføring : Torsdag 2. september og uke 36/37. Finaler lørdag 18. september.

Første runde skal være avviklet innen søndag 05.09.21

Vanlige værforbehold!

Link til Turneringsside med info

SM-2021

Link til NTF Tournamentsoftware

NTF Tournamentsoftware

 Frist påmelding        : Onsdag 01.sep.  kl. 19.00.

Påmelding til             : holger.iversen@hotmail.com

 Trekning blir gjennomført umiddelbart etter dette og lagt ut heimesida.

 

Klasser : Junior (U18), Damer, Herrer og  Double (registrer klasse/turnering ved påmelding). Klasser kan bli slått sammen pga liten påmelding, o.a.

 

Regler og gjennomføring:

 - Det spilles best av 3 sett. (Tie-break i alle sett, med unntak av event.3 sett i finalen).

- Det er ikke satt opp dommere i innledende runder (kun i finalene).

- Utifra oppsett, er spillerne selv ansvarlig for å avtale tidspunkt for kamp og booke time.   NB! Gjelder 1.runde; senere kamper blir satt opp av turneringsansvarlige - Holger og Luis.

- Book 2 timer og før STK CUP og navn på spillere.

- Spillerne tar med egne(gode), baller.

- Send resultat umiddelbart til turneringsansvarlig på SMS, 91841046 (navn og resultat).

- Hjemmesiden blir fortløpende oppdatert med nye kamper for hver runde.

 

Trekning blir utført av representanter fra styret (Holger, Sigbjørn og Luis).

Publiseres 01. September klokka 1930.

 

- Deltakeravgift: 50kr per klasse Send VIPPS til 113270 STK, skriv SM 2021.

  Betal dette samtidig med påmelding.

 

 VIKTIG

Vi er fremdeles inne i en alvorlig covid epidemi og det er viktig at vi overholder alle smittevernregler / koronavettregler. ( avstand, hygiene, eventuelt munnbind, etc).

 

* Spørsmål rettes til Holger Iversen, Mobil: 91841046  / Epost : holger.iversen@hotmail.com



LYKKE TIL!

POSITIV ARTIKKEL OM GOD VOKSTER I STORDTENNISEN I BLADET SUNNHORDLAND

STORD TENNISKLUBB ER I EI GOD UTVIKLING, MED AUKANDE MEDLEMSTAL OG AKTIVITETAR

SJÅ KVA BLADET SUNNHORDLAND SKRIV: https://www.sunnhordland.no/sport/fantastiske-tider-for-tennisklubben-pa-stord/

Biletet syner nokre av bømlospelarane som no er medlemer av STK(dei har ikkje eigne banar/anlegg for tennis på Bømlo).

Artikkelen krev innlogging for abonnentar, sjølvsagt.

NY TURNERING! SOMMER CUP 2021!

Ikkje før er den første UTS-turneringa avvikla, med god deltaking, så er Luis Soto klar for å setja igang ei “vanleg” turnering, single + double, i forkant av eit evt. SM-2021. Her kan du lesa om turneringa som er planlagt, med dei vanlege atterhalda om vêr- og føretilhøve, osv.

LINK SOMMER CUP 2021

Program

Mandag 16 august

Tirsdag 17 august

Onsdag 18 august

kl.16.30 Tronf/Torstein vs Hans Kjetil (Bane1)

kl.16.30 Luis vs Natalia eller Kenneth (Bane 2)

kl. 18.00 Trond vs Rube eller Svein (Bane1)

kl. 18.00 Arild eller Benjamin vs Torstein eller David

Lokal turnering single/double

11.-22.august 2021

Sted: Klubbens utebaner

Klasser: Kl. A & Kl. B (med mulighet for sammenslåing av klasser)

Merk: Forbehold om at turneringen kan komme til å bli utsatt eller avlyst

pga. koronatiltak, pålegg eller anbefalinger fra helsemyndigheter.

Vennligst ikke betal påmeldingskontingenten før vi bekrefter at

turneringen vil bli holdt og vi ber om å få betaling.

Startkontingent: Single: kr 50, Dobbel kr. 50

Betales, VIPPS til 113270, skriv sommercup 2021

PÅMELDINGSFRIST: Mandag 09.august kl. 23.59

Sendes Luis@stordtennis.no / SMS til 48278964

Trekningen foretas 10. august

All informasjon om turneringen kommer under NFT

turneringsside: https://ntf.tournamentsoftware.com/

Baller: Spillerne stiller med egne baller i god stand. Trenger du nye baller ta

kontakt med turneringsleder.

Turneringsleder: Luis Soto, Luis@stordtennis.no / SMS til 48278964

FØRSTE UTS-TURNERING PÅ STORD AVVIKLA I HELGA

I regi av Luis Soto blei den første såkalla UTS-turneringa på Stord avvikla i helga, i godt vêr. Dette er ei underhaldande form for tennis, der spelarane berre spelar om poeng, på tid(10 minuttar pr sett), i best-av-fire formatet, og kvar spelar har to servar, på omgang. Ein tel poeng etter kvart sett, og det kan bli alt frå 3-0 til 3-2 som resultat.

Bømlospelarene dominerte, og to av dei gjekk til finalen, som blei vunnen av Trond “Dempar” Haldorsen mot Torstein “Jumbojet” Rasmussen(3-1). I alt 15 spelarar var påmelde.

Sjå DETALJAR HER:

UTS-1 STORD TK 2021

STOR SUKSESS FOR BANEBOOKINGSYSTEMET, OG GOD AKTIVITET

I byrjinga av mai i år innførde STK banebooking for utebanane våre, til erstatning for fysisk påteikning på skjema ved klubbhuset. Det krev oppretting av eigen konto med brukarnamn og passord for dei som ønskjer å bruka systemet, og påteikning via mobilapp eller nettsida vår. Det har fungert sers bra så langt, og aktiviteten på banane i vår har vore god. Det er også lettare for klubben å kontrollera KVEN som teiknar seg for time, og om kontingenten er betalt.

NY OPNING AV RACKETHALLEN FOR ORGANISERT TRENING FRÅ 12.APRIL

Stord kommune lettar no på koronatiltaka f.o.m. 12.april, og det betyr at Rackethallen igjen kan opnast for organisert trening for barn og unge opp til 20 år, og for andre(vaksne), som gjennomfører gode smitteverntiltak i samband med organisert trening.

STK sine timar i hallen kan altså nyttast som tidlegare utover våren, får me vona.

Elles er utebanane klare, netta er på plass, og med godt, tørt vêr er det berre å komma igang ute!

STK

NY NEDSTENGING AV RACKETHALLEN SAMT BRUK AV UTEBANE

STORD KOMMUNE HAR INNFØRT STRENGARE SMITTEVERNTILTAK F.O.M. 17.MARS T.O.M. 9.APRIL, SOM M.A. BETYR AT ORGANISERTE INNANDØRS AKTIVITETAR IKKJE ER TILLATNE.

MEN - UTEBANANE ER OPNE, NETTA ER PÅ PLASS, OG ER TEMPERATUREN GREI OG DET IKKJE ER VÅTT ER DET BERRE Å SPELA UTE FOR MEDLEMENE.

Vi skal bruke elektronisk skjema for timeregistrering på utebane . Dette ifb covid-19, ønsker vi en oversikt hvem er på banene. Regeler er at du kan booke 1 time per medlem. Dvs du kan ikkje skrive inn ein ny time før de første er spilt. Ikkje medlemmer betaler 200kr per time.

Send bane bestilling på SMS til Luis mob. 48278964 eller Sigbjørn mob. 91753455

HINT; BETAL ÅRSKONTINGENTEN SNARAST!