ÅRSMØTET 2021

Årsmøtet for 2021 vart avvikla i klubbhuset 25.februar. Heile det sitjande styret møtte. Årsmeldinga var hovudsaka, og viser at klubben driv godt, har auka medlemstal og god økonomi. Det som manglar er organiserte turneringar og lokale meisterskap, men det skal me prøva å få til dette året.

Spørsmålet om samordning av tennis og padel er uavklara men det går nok i den retninga.

Det har vore frostsprenging av vatn/blandebatteri i huset i vinter, noko som kostar å reparera. Skadeomfanget viser at delar av huset må ha omfattande renovering. Forsikringa dekkjer størstedelen av kostnadene.

Elles held styret fram, med Eirik som leiar og dei same medlemene. God kontinuitet altså.

Styret

Holm Eirik Johnsen døydde 12.januar, 68 år gammal.

Holm Eirik Johnsen døydde 12.januar, 68 år gammal.

Holm Eirik Johnsen døydde 12.januar, 68 år gammal. Han var i ei årrekkje medlem av STK, spelte med stor iver i turneringar, blei også B-meister eit par gonger, og var kjent for sin ping-pong spelestil, noko han og fast partnar Steinar(Hystad), perfeksjonerte. Han var også med i styrearbeid, i ulike roller. No er han borte, og me føler med familien i sorga. Fred over minnet til Holm Eirik.

Styret

VELLUKKA INTERN DOUBLETURNERING I ROMJULA

Dag Sele & Sigbjørn Eide vann hovudturneringa ved å slå superveteran Hans S. Dahle & Kjetil H. Ragde 5-7, 6-2, 6-2 i ein spennande finale, medan Arild & Kenneth vart for sterke mot Emil & Erik i B-finalen(6-2, 6-2). Turneringa begynte 2 dagar før jul og vart avslutta 29.12. Arrangør og initiativtakar var alltid dyktige Luis Soto, medan Sigbjørn og Hans S. hjelpte til. Det vart ei trivelig avveksling frå julemat og familiekos, og bør vidareførast NESTE ÅR, OG EI SOMMARTURNERING UTE BØR ME OGSÅ FÅ TIL.

Styret

v/Hans S.

PADELTURNERING I PINSEHELGA

Stord padeltennis arrangerte turnering for kvinner og menn(double), i pinsehelga. Fleire av våre “vanlege” tennismedlemer var med og gjorde ein god innsats med m.a. Kristian Magnussen, Eirik Spjeld og Luis Soto. På biletet(frå Shl), ser me Ole Morten Lie, og Magnussen, vinnarane i herreklassen.

Les i Shl(krev innlogging): https://www.sunnhordland.no/sport/populaer-og-historisk-forste-padel-turnering-pa-stord/

Det må vera ein ambisjon at dei som spelar padel - eller tennis - vert med på båe sportane, som er like på mange måtar, og ulike på andre.

Styret

BANANE ER KLARE FOR SPEL, PÅ VISSE VILKÅR GRUNNA KORONAEN. LES NØYE!

Sesongstart utebanar 2020 Me har i dag eit gledeleg nyhende å meddela. Leiinga i klubben har no bestemt seg for å opna utebanane for spel, men det er nøydd å skje i kontrollerte former. Me har difor vedteke ein del reglar for spel så lenge koronaviruset pregar samfunnet vårt, reglane er i tråd med innstillingane som er komne frå Norges Tennisforbund. 1. Berre singelspel er tillate på banane på Vikahaugane inntil vidare. 2. Dersom folk skal spela med serve må dei ha med to sett med ballar. Ein merkar til dømes ballane med høvesvis raud og svart tusj. Kvar spelar kan kun ta i det eine settet av ballane. Når ein skal senda dei andre ballane over til motspelar, må ballen løftast opp ved hjelp av fot og racket - ikkje hand. 3. Det er ikkje tillate å ta i nettet eller nettstolpane. 4. Når folk skal spela er dei nøydd å senda ei melding til Eirik, Sigbjørn eller Luis med tidspunkt. Dette for at klubben skal ha kontroll på det som skjer på banane. Me håpar folk utviser forståing for at ein er nøydd å ha ein del strenge retningslinjer i denne tida. Brot på reglane vil medføra at me må stengja banane med umiddelbar verknad. Netta vil bli tekne ned. Me har teke vekk stolane folk brukar å sitta i medan dei har pause mellom game. Dette for å minimera smitterisikoen. Når folk har betalt kontingenten for året er det berre å gå i gang med spel, vel å merka innanfor gjeldande reglement. Spørsmål rundt informasjonen i denne erklæringa kan rettast til leiar i klubben, Eirik Spjeld. På vegner av Stord Tennisklubb Eirik Spjeld, leiar 93664179 Sigbjørn Eide, nestleiar 91753455 Luis Soto, trenar og kursansvarleg 48278964 Biletet er frå dugnaden som vart gjennomført laurdag føremiddag, alt i tråd med retningslinjene frå Erna Solberg, Bent Høie og Monica Mæland. I tillegg til Sigbjørn og Luis, bidrog også Eirik, Hans Simon og Kjetil.

Erklæring frå formann Eirik Spjeld - ingen tennis før tidlegast etter påsken

Hei

Sola skin og folk byrjar å verta spelesugne. Me har fått førespurnader om korleis moglegheitene er for spel på Vikahaugane no, men me er diverre nøydd å oppmoda folk om å visa tolmod. Tennisforbundet har sendt ut ei rekkje med koronavitreglar, og dei er så inngripande at me vurderer det som best å ikkje opna banen enno. Ein av reglane er til dømes at ein ikkje har lov å ta i ballen med hendene, noko som kan vera svært fort gjort å gløyma. Me håpar me kan opna utebanane for 2020-sesongen om ikkje altfor lenge, me kjem då attende med informasjon. Det viktigaste per i dag er likevel liv og helse. Inneaktiviteten i klubben er sjølvsagt sett på pause på ubestemt tid.