Årsmøtet vart avvikla onsdag 23.februar. Av nyhende kan nemnast at kontingen vart auka noko, etter å ha vore fryst i fleire år. Sjå under fana medlemskap for dei nye satsane.
Økonomien i klubben er framleis god, sjølv om me gjekk med underskot i 2021, ikkje minst pga utgifter i samband med utbetring av klubbhuset.
Medlemskapen i klubben har auka litt, og ligg på om lag 50(dette talet inkluderer 20 familiemedskap, slik at totalt tal på medlemer er i overkant av 70).
Aktiviteten på banane(og inne i hallen), har ikkje vore betre på mange år, og me vonar det kan halda fram iår. Luis, Holger, Sigbjørn og Natalia har sytt for god turneringsleiing.
Val til styre; dei aller fleste tek eitt til to år til. Eirik held fram som leiar(2 år), og Sigbjørn tek eitt år til som nestleiar. Som nytt styremedlem kjem inn Arild Andersen, som me vonar kan bidra positivt m.a. når det gjeld integreringstiltak.
Då satsar me på eit godt tennisår 2022!
Styret
NB: HUGS Å BETALA KONTINGENTEN, HELST INNAN 1.MAI! BRUK GJERNE VIPPS 113270. MERK INNBETALINGA MED KONTINGENT 2022 OG MEDLEMSKATEGORI.