Stord kommune har erklært at frå 1.oktober 2021 må racketidrettane betala for timar i Rackethallen, i og med at den 5-årige avtaleperioden då gjekk ut. Me har i denne tida hatt nokre såkalla “gratistimar” som ei form for nedbetaling for det dugnadsarbeidet klubbane gjorde då hallen vart reist, og me har meint at avtalen skulle gjelda heilt til hallen vart “skrota”, men som kjent står hallen framleis, og kven veit kor lenge? Me har begynt å betala for timar i haust, og dei av medlemene våre som brukar hallen betalar ein del av desse pengane til klubben, slik at timeprisen kan dekkjast.
Les Sunnhordland sin artikkel om saka(krev innlogging): https://www.sunnhordland.no/nyhende/stord-kommune-set-hardt-mot-hardt-slutt-pa-gratistrening-i-rackethallen/