SM 2021 - TROND HALDORSEN VANN A-KLASSEN, BENJAMIN EIDET JUNIORMEISTER

SM 2021 er nesten ferdigspela, og på fredag vart Benjamin Eidet juniormeister med å vinna 6-3, 5-7, 6-1 mot Ole Eidet, medan Trond Haldorsen kapra titelen i A-klassen idag med siger mot same Eidet, i ein sers spennande og til dels velspela kamp med sifra 4-6, 6-1, 6-4. Alle desse er frå Bømlo, medan stordspelarane har måtta ta til takke med å vera deltakarar, for det meste. I doubleklassen står det i finalen mellom far og son Bjarte og Petter Skimmeland, mot Arild Andersen og Torstein Rasmussen.

Turneringa har vore leia av Holger Iversen og Luis Soto, med litt hjelp frå nokre andre i styret.

HS

På biletet ser me til venstre Benjamin Eidet, vinnar av juniorturneringa og runner-up i seniorklassen, og til høgre vinnaren av klasse A - Trond Haldorsen.