FØRSTE UTS-TURNERING PÅ STORD AVVIKLA I HELGA

I regi av Luis Soto blei den første såkalla UTS-turneringa på Stord avvikla i helga, i godt vêr. Dette er ei underhaldande form for tennis, der spelarane berre spelar om poeng, på tid(10 minuttar pr sett), i best-av-fire formatet, og kvar spelar har to servar, på omgang. Ein tel poeng etter kvart sett, og det kan bli alt frå 3-0 til 3-2 som resultat.

Bømlospelarene dominerte, og to av dei gjekk til finalen, som blei vunnen av Trond “Dempar” Haldorsen mot Torstein “Jumbojet” Rasmussen(3-1). I alt 15 spelarar var påmelde.

Sjå DETALJAR HER:

UTS-1 STORD TK 2021