Ved skulestart i august vart STK invitert til å delta med ein stand på Vikahaugane Stord Idrettspark. Me fekk presentert klubben og tennissporten for mange interesserte, som me vonar vil vurdera å begynna med denne kjekke sporten, gjerne med å ta eit kurs som me arrangerer i Rackethallen.
Luis Soto var som vanleg primus motor som ansvarleg for standen.