INGE MOE ER TILDELT ELDSJELPRISEN 2020 FRÅ STORD KOMMUNE

Inge Moe har meir eller mindre “vore” Stord tennisklubb sidane klubben vart stifta i 1980. Med sine 10 singlemeisterskap - likt med Øyvind Viste - dominerte han sporten på Stord på 1980- og 90-talet. Han la racketen på hylla for fleire år siden og har i mange år spela golf istaden, men i styrearbeid har han delteke i om lag 40 år. I dei siste 5-10 åra har han engasjert seg spesielt for integreringstiltak i samarbeid med kommunen og i regi av m.a. Stord tennisklubb, som har arrangert samlinger i Rackethallen for unge asylsøkjarar. At han no får eldsjelprisen er vel fortent, og me vonar å ha nytte av hans stå-på vilje og store røynsle i endå mange år. Til våren fyller denne energibunten 80 år!

Styret i STK