Sesongstart utebanar 2020
Me har i dag eit gledeleg nyhende å meddela. Leiinga i klubben har no bestemt seg for å opna utebanane for spel, men det er nøydd å skje i kontrollerte former. Me har difor vedteke ein del reglar for spel så lenge koronaviruset pregar samfunnet vårt, reglane er i tråd med innstillingane som er komne frå Norges Tennisforbund.
1. Berre singelspel er tillate på banane på Vikahaugane inntil vidare.
2. Dersom folk skal spela med serve må dei ha med to sett med ballar. Ein merkar til dømes ballane med høvesvis raud og svart tusj. Kvar spelar kan kun ta i det eine settet av ballane. Når ein skal senda dei andre ballane over til motspelar, må ballen løftast opp ved hjelp av fot og racket - ikkje hand.
3. Det er ikkje tillate å ta i nettet eller nettstolpane.
4. Når folk skal spela er dei nøydd å senda ei melding til Eirik, Sigbjørn eller Luis med tidspunkt. Dette for at klubben skal ha kontroll på det som skjer på banane.
Me håpar folk utviser forståing for at ein er nøydd å ha ein del strenge retningslinjer i denne tida. Brot på reglane vil medføra at me må stengja banane med umiddelbar verknad. Netta vil bli tekne ned.
Me har teke vekk stolane folk brukar å sitta i medan dei har pause mellom game. Dette for å minimera smitterisikoen.
Når folk har betalt kontingenten for året er det berre å gå i gang med spel, vel å merka innanfor gjeldande reglement.
Spørsmål rundt informasjonen i denne erklæringa kan rettast til leiar i klubben, Eirik Spjeld.
På vegner av Stord Tennisklubb
Eirik Spjeld, leiar 93664179
Sigbjørn Eide, nestleiar 91753455
Luis Soto, trenar og kursansvarleg 48278964
Biletet er frå dugnaden som vart gjennomført laurdag føremiddag, alt i tråd med retningslinjene frå Erna Solberg, Bent Høie og Monica Mæland. I tillegg til Sigbjørn og Luis, bidrog også Eirik, Hans Simon og Kjetil.