Jenter fra STK med på ROGY-tennis i Bergen

5 av jentene som er med på Luis Soto sine kursopplegg kvar tysdag i Rackethallen deltok i såkalla ROGY-tennis i Bergen laurdag 7.desember. Det var

  • Iselin

  • Lea Nora

  • Lone

  • Lisa Sofie

  • Malin

    Dei fekk alle spela korte kampar, og klarte seg godt. Premiar og diplom vart utdelte.

    På biletet ser du jentene i midten. Tre av dei hadde på seg STK T-skjorte.

    Dette er ROGY-tennis: https://www.stordtennis.no/rogy-tour

INTEGRERINGSTILTAK 2 - STK set i gang ny samling for unge asylantar/flyktningar

Stord tennisklubb, i samarbeid med Stord ungdomsskule, set denne hausten i gang ei ny samling for unge asylantar, i Rackethallen. Og som sist er det Luis Soto som tar tak, instruerer og oppmuntrar mange unge frå ulike land og verdsdelar. Klubben har fått løyving til dette føremålet, og i og med at det vart så pass vellukka sist haust og vinter har me valt å prøva på nytt.

Første samlinga var laurdag 5.10, og oppslutninga var god - rundt 20 var med. Som avslutning på økta i Rackethallen vart det servert pizza og brus i klubbhuset.

Det er planlagt 3 økter til i løpet av hausten.

Inge Moe har vore primus motor i dette arbeidet, saman med gode medarbeidarar.

Styret

Biletet er frå Sunnhordland 9.10.19

ONSDAGSTENNIS INNE TEK TIL SNART. KL 20-22, KUN FOR MEDLEMER!

Stord tennisklubb startar snart opp med innetennis for medlemer, i Rackethallen. Timane går som tidlegare på onsdagar, kl. 20 til 22. det er hovudsakleg doublespel, men iblant single.

Me er eit relativt “fast lag” som møter, litt til og frå, men nye fjes er velkomne, om ein kan spela tennis på eit rimeleg greitt nivå.

Ta kontakt med Hans S. på tlf 91163872, eller HANSSD@ONLINE.NO, om du har spørsmål og/eller lyst å vera med!

Så satsar me på trivelig tennis for godt vaksne i haust og til vinteren.

Styret

TENNISKURS I RACKETHALLEN STARTAR SNART! MELD DEG PÅ!

Stord tennisklubb startar opp med nye tenniskurs f.o.m. TYSDAG 27.august, I Rackethallen. Nybyrjarar - barn/unge går kl 18-19, medan oppfølgjarkurs(for dei som har vore med tidlegare/dei som kan litt frå før), går kl 19-20.

Luis og Natalia Soto er kursansvarlege, Luis for nybyrjarane og Natalia for dei litt meir røynde, men dei vil veksla litt på det.

Kursa går fram til desember, og kostar berre kr 800 pr deltakar.

Ta kontakt med Luis Soto, tlf +47 482 78 964, for påmelding/meir informasjon om desse kursa/evt. andre tilbod.

Då er det berre å bestemma seg! Tennis er moro, og alle kan vera med!

Styret

ONSDAGSDOUBLE FOR ALLE

Stord tennisklubb, ved sin sjefstrenar Luis Soto, har sett i gang onsdagssamlingar med doublespel for alle medlemer som ønskjer å vera med på sosial og idrettsleg aktivitet. Om sola skin, om det er overskya, eller i det minste er tørt på banane er det berre å møta opp klokka 17-19 og delta i korte kampar med vekslande lag, slik at flest mogeleg får vera med.

Igår, onsdag 7.8, var ei vellukka samling, og dei 8-10 som møtte opp fekk spela og konkurrera saman og mot kvarandre.

Me tek sikte på å halda fram i august og kanskje også i september, avhengig av “klimaet”.

Me seier takk til Luis for dette initiativet. Biletet viser Luis på terrassen, i godt humør.

Styret

Kontingenten for 2019 - har DU betalt, og fått godt samvit?

Vi oppmodar alle som har vore medlemer av STK - og nye medlemer - til snarast å betala kontingenten for 2019, slik at klubben kan oppretthalda aktivitet og tilbod av ulikt slag, og DU kan spela når du vil med godt samvit.

Kontingenten er framleis berre kr 800 for vaksne, kr 400 for barn/skuleelevar/pensjonistar, og kr 1100 for familiar(2 vaksne/2 barn), og bankkonto nr er 35205422089, eller VIPPS 113270.

Styret

Ferietid i mai - for dei heldige

Redaktøren av denne websida tek ferie i skjønne Alanya, Tyrkia, frå imorgon 27.april til og med 25.mai. Det vert sol, bad, tyrkisk massasje, god mat og drikke, utfluktar, osb.

Ha da kjekt med tennis på Vikahaugane, spesielt om vêret vert like bra som ifjor. Banane er klare, med netta sett opp i rett høgd. Betal kontingenten, og du kan nytta banane så ofte du vil!

Ta godt vare på anlegget, så held det i mange år til.

Hans Simon, redaktør

Ps: Biletet er tatt 17.mai ifjor, frå borgen Alanya Kalesi, mot nord(Kleopatrastranda).

Klart for utesesongen 2019

No er banane klargjorte, kosta og reinska, stolpar og nett sett opp, og då ligg alt til rette for utetennis, som trass i alt er det kjekkaste, når vêr og føre lagar seg slik.

Då er det berre å oppmoda gamle og nye medlemer å betala kontingenten for 2019. Satsane er dei same som tidlegare, og det har aldri vore billegare å spela tennis på Stord, relativt sett.

Skriv deg opp på listene, set deg inn i reglane for sporten, ta vare på anlegget vårt, og ha da kjekt!

Styret

På biletet ser du Bjarne Skimmeland og Hans Simon Dahle, som vann doublemeisterskapen 2014.

Første samling i 2019 - integreringsprosjektet til STK

Laurdag 12.januar var ein stor gjeng jenter og gutar frå flyktningemottaket på Heiane samla i Rackethallen, til sportsleg og sosialt samvêr. Luis Soto hadde ansvaret for det sportslege, medan andre tok tak i det sosiale, med m.a. servering av pizza i klubbhuset.

Trass i nokre vanskar undervegs ser det ut til at dette er eit godt prosjekt, med god deltaking, som me vonar kan bidra til aktivisering og positiv integrering av barn og unge frå flyktningemottaket.

Bilete frå Bladet Sunnhordland. Trenar Luis Soto til venstre.

Integreringstennis i Rackethallen

Stord tennisklubb fekk dette året tildelt kr 10 tusen av Stord kommune for å gjennomføra integreringstiltak retta mot barn og unge ved flyktningemottaket på Heiane. Sist i oktober kom me i gang, med Luis Soto som instruktør i Rackethallen, og sidan då har deltakarar frå mottaket samt nokre av dei som er med på det ordinæret tenniskurset til Natalia Soto vore med i alt 3 gonger. Over nyttår skal det vera to samlingar til.

Deltakarane får teoretisk og praktisk undervisning/instruksjon i tennisspelet sine finessar. Så får dei servert pizza på klubbhuset. Transport til og frå mottaket ordnar også tennisklubben med. Alt i alt ser det ut til å vera eit vellukka tiltak til fremjing av integrering, slik me ser det.

På biletet ser me Luis i gang med undervisning av interesserte barn og ungdommar. Dette er frå første samlinga i haust.

Tennisklubben fekk kr 10 tusen frå SPV

Sparebanken Vest hadde gåvmild utdeling av midlar til allmennyttige føremål nyleg, og vår formann Eirik mottok kr 10 tusen på vegner av klubben. Midlanene skal gå til m.a. instruksjon og innkjøp av utstyr.

Me takkar SPV, og vil heidra banken som gjev velkomne midlar til ulike organisasjonar, slik at dei kan driva verksemda si og skapa verdiar og miljø for medlemene sine - og andre.

På biletet ser me formann Eirik motta gåvediplomet frå banksjef Havnerås i SPV.

Styret

KLUBBHUSET

Klubbhuset på Vikahaugane står ubrukt for tida. Me søkjer interesserte leigetakarar på fast basis, eller på utlån frå tid til anna. Alt naudsynt inventar er på plass, også møblar og kjøkenutstyr.

Har du eller kjenner du nokon som kan vera interessert, ta kontakt med oss i styret!

Eirik: 93664179
Sigbjørn: ‭917 53 455‬

ONSDAGSKVELDANE INNE

Seniortennis i Rackethallen onsdagar kl 20-22

Onsdagstimane er i gang! Kl 20-22 er det høve for betalande medlemer å få spela i Rackethallen. Dette har vorte ein fin tradisjon dei siste par-tre åra. Det beste er at fire spelarar deltek, då får me doublespel slik det skal vera. Men med litt tilpassing går det bra også med 3(ein mot to), 5 eller 6, slik at det vert rotasjon. Geza Abkarowic styrer med timane i haust, så ta kontakt på tlf 917 82 889 om evt. ledig plass. Gjerne ein dag på førehand.

Tenniskurs og trening startar opp igjen i Rackethallen snart!

Tennisklubben satsar på å starta opp med kursverksemda i byrjinga av september. Me vil først og fremst følgja opp dei som gjekk på kurs sist sesong, med vidaregåande kurs og trening. Så får me sjå om det vert noko kurs for nybyrjarar.

Me vil kontakta dei som gjekk på kurs ifjor haust, vinter og vår, med info om nytt tilbod. Dei som ønskjer det kan ringja/teksta kurshaldar Natalia(94255458), eller Eirik(93664179), for info.

Me håpar på god oppslutning!

Styret

WEBSIDA ER OPPE OG GÅR IGJEN!

Endeleg!

No har me fått ordna med lisensbetaling for websida, som har vore nede sidan slutten av april. Då kjem me attende med ujamne mellomrom med nyhende, oppdateringar, osb. så godt me kan. I mellomtida er det berre å slå fast at tennisvêret på Vikahaugane er det aller beste for dei som har teikna medlemskap og fått utlevert nytt låskort: http://www.meteovista.no/Europe/Norway/Tennis-Stord/4326563/12

Med tennishelsing

Hans Simon/webansvarleg

Ps: Biletet av Natalia Soto tek me med av di me vonar og reknar med at ho vil ta seg av nye og gamle elevar som ønskjer å ta tenniskurs i Rackethallen frå i haust, slik ho gjorde sist haust og vinter.

Ferie for redaktøren i heile mai månad!

Redaktøren for denne websida tek ferie frå 28.april til 3.juni, og er då i vakre Alanya, i søraustre delen av Tyrkia.

Då vil eg berre minna om å betala kontingenten for året, og når det er gjort - bruk banane til spel, moro og konkurranse. Tennis er gøy, ikkje minst når ein har lært det elementære, kan halda spelet i gang, og får ned feilprosenten.

Så vonar eg denne websida framleis er oppe og går når eg er attende. Me får sjå..

Hans Simon