Hei
Sola skin og folk byrjar å verta spelesugne. Me har fått førespurnader om korleis moglegheitene er for spel på Vikahaugane no, men me er diverre nøydd å oppmoda folk om å visa tolmod. Tennisforbundet har sendt ut ei rekkje med koronavitreglar, og dei er så inngripande at me vurderer det som best å ikkje opna banen enno. Ein av reglane er til dømes at ein ikkje har lov å ta i ballen med hendene, noko som kan vera svært fort gjort å gløyma. Me håpar me kan opna utebanane for 2020-sesongen om ikkje altfor lenge, me kjem då attende med informasjon. Det viktigaste per i dag er likevel liv og helse. Inneaktiviteten i klubben er sjølvsagt sett på pause på ubestemt tid.