ÅRSMØTET 2021
Årsmøtet for 2021 vart avvikla i klubbhuset 25.februar. Heile det sitjande styret møtte. Årsmeldinga var hovudsaka, og viser at klubben driv godt, har auka medlemstal og god økonomi. Det som manglar er organiserte turneringar og lokale meisterskap, men det skal me prøva å få til dette året.
Spørsmålet om samordning av tennis og padel er uavklara men det går nok i den retninga.
Det har vore frostsprenging av vatn/blandebatteri i huset i vinter, noko som kostar å reparera. Skadeomfanget viser at delar av huset må ha omfattande renovering. Forsikringa dekkjer størstedelen av kostnadene.
Elles held styret fram, med Eirik som leiar og dei same medlemene. God kontinuitet altså.
Styret
ÅRSMØTE FOR STK TORSDAG 25.FEBRUAR KL 1830, I KLUBBHUSET
Stord tennisklubb avviklar ordinært årsmøte torsdag 25.februar kl 1830, i klubbhuset. Vanlege årsmøtesaker - årsmelding, rekneskap, val, innkomne saker, osb.
Alle medlemer er velkomne! Enkel servering.
Styret
Rackethallen er no open for organisert trening, med avgrensingar
Rackethallen er no open att for organisert trening, først og fremst for grupper under 18 år, men de faste timane me har kan brukast av vaksne spelarar på vanleg måte, så lenge ein følgjer smittevernreglane. Me føreset at ansvarleg person har tilsyn med timebruken, noko STK plar ha.
Styret
Holm Eirik Johnsen døydde 12.januar, 68 år gammal.
Holm Eirik Johnsen døydde 12.januar, 68 år gammal. Han var i ei årrekkje medlem av STK, spelte med stor iver i turneringar, blei også B-meister eit par gonger, og var kjent for sin ping-pong spelestil, noko han og fast partnar Steinar(Hystad), perfeksjonerte. Han var også med i styrearbeid, i ulike roller. No er han borte, og me føler med familien i sorga. Fred over minnet til Holm Eirik.
Styret
FORLENGING AV STOPP I ORGANISERT TRENING I EI VEKE - MINST...
Det vert forlenging av koronatiltaka, noko som betyr at Rackethallen framleis vert stengd for organisert trening kommande veke, og tidlegast vert opna frå måndag 25.januar. Det er berre å venta på betre tider..
Styret
ALL AKTIVITET I RACKETHALLEN UTSETT I TO VEKER - TIL 180121 pga koronafrykt
STK følgjer regjerina si tilråding om å innstilla all aktivitet innandørs i to veker, frå idag 4. til 18.januar 2021. Går alt vel opnar Rackethallen for spel og trening f.o.m. måndag 18.januar. Den som ventar på noko godt, osb.
Styret
DAG OG SIGBJØRN FÅR PREMIEN SOM VINNARAR I DOUBLETURNERINGA
VELLUKKA INTERN DOUBLETURNERING I ROMJULA
Dag Sele & Sigbjørn Eide vann hovudturneringa ved å slå superveteran Hans S. Dahle & Kjetil H. Ragde 5-7, 6-2, 6-2 i ein spennande finale, medan Arild & Kenneth vart for sterke mot Emil & Erik i B-finalen(6-2, 6-2). Turneringa begynte 2 dagar før jul og vart avslutta 29.12. Arrangør og initiativtakar var alltid dyktige Luis Soto, medan Sigbjørn og Hans S. hjelpte til. Det vart ei trivelig avveksling frå julemat og familiekos, og bør vidareførast NESTE ÅR, OG EI SOMMARTURNERING UTE BØR ME OGSÅ FÅ TIL.
Styret
v/Hans S.
JULETURNERING DOUBLE
Me arrangerer juleKOS INTERN turnering i double i Rackethallen dette året. Kampane tek til 22.12 og held fram 28.12. Sjå under aktiviteter-turneringer.
Luis er turneringsansvarleg - tlf 48 278964.
INGE MOE ER TILDELT ELDSJELPRISEN 2020 FRÅ STORD KOMMUNE
FRITIDSMESSA PÅ VIKAHAUGANE - AUGUST 2020
TRENINGSGRUPPENE ER NO FERDIGE FØR SOMMARFERIEN
DUGNAD FØR FERIEN - MÅNDAG 29.JUNI KL. 1700
PENGELØYVING FRÅ SPAREBANK 1 - 20 TUSEN KRONER
PADELTURNERING I PINSEHELGA
Stord padeltennis arrangerte turnering for kvinner og menn(double), i pinsehelga. Fleire av våre “vanlege” tennismedlemer var med og gjorde ein god innsats med m.a. Kristian Magnussen, Eirik Spjeld og Luis Soto. På biletet(frå Shl), ser me Ole Morten Lie, og Magnussen, vinnarane i herreklassen.
Les i Shl(krev innlogging): https://www.sunnhordland.no/sport/populaer-og-historisk-forste-padel-turnering-pa-stord/
Det må vera ein ambisjon at dei som spelar padel - eller tennis - vert med på båe sportane, som er like på mange måtar, og ulike på andre.
Styret
BANANE ER KLARE FOR SPEL, PÅ VISSE VILKÅR GRUNNA KORONAEN. LES NØYE!
Sesongstart utebanar 2020 Me har i dag eit gledeleg nyhende å meddela. Leiinga i klubben har no bestemt seg for å opna utebanane for spel, men det er nøydd å skje i kontrollerte former. Me har difor vedteke ein del reglar for spel så lenge koronaviruset pregar samfunnet vårt, reglane er i tråd med innstillingane som er komne frå Norges Tennisforbund. 1. Berre singelspel er tillate på banane på Vikahaugane inntil vidare. 2. Dersom folk skal spela med serve må dei ha med to sett med ballar. Ein merkar til dømes ballane med høvesvis raud og svart tusj. Kvar spelar kan kun ta i det eine settet av ballane. Når ein skal senda dei andre ballane over til motspelar, må ballen løftast opp ved hjelp av fot og racket - ikkje hand. 3. Det er ikkje tillate å ta i nettet eller nettstolpane. 4. Når folk skal spela er dei nøydd å senda ei melding til Eirik, Sigbjørn eller Luis med tidspunkt. Dette for at klubben skal ha kontroll på det som skjer på banane. Me håpar folk utviser forståing for at ein er nøydd å ha ein del strenge retningslinjer i denne tida. Brot på reglane vil medføra at me må stengja banane med umiddelbar verknad. Netta vil bli tekne ned. Me har teke vekk stolane folk brukar å sitta i medan dei har pause mellom game. Dette for å minimera smitterisikoen. Når folk har betalt kontingenten for året er det berre å gå i gang med spel, vel å merka innanfor gjeldande reglement. Spørsmål rundt informasjonen i denne erklæringa kan rettast til leiar i klubben, Eirik Spjeld. På vegner av Stord Tennisklubb Eirik Spjeld, leiar 93664179 Sigbjørn Eide, nestleiar 91753455 Luis Soto, trenar og kursansvarleg 48278964 Biletet er frå dugnaden som vart gjennomført laurdag føremiddag, alt i tråd med retningslinjene frå Erna Solberg, Bent Høie og Monica Mæland. I tillegg til Sigbjørn og Luis, bidrog også Eirik, Hans Simon og Kjetil.
Erklæring frå formann Eirik Spjeld - ingen tennis før tidlegast etter påsken
Hei
Sola skin og folk byrjar å verta spelesugne. Me har fått førespurnader om korleis moglegheitene er for spel på Vikahaugane no, men me er diverre nøydd å oppmoda folk om å visa tolmod. Tennisforbundet har sendt ut ei rekkje med koronavitreglar, og dei er så inngripande at me vurderer det som best å ikkje opna banen enno. Ein av reglane er til dømes at ein ikkje har lov å ta i ballen med hendene, noko som kan vera svært fort gjort å gløyma. Me håpar me kan opna utebanane for 2020-sesongen om ikkje altfor lenge, me kjem då attende med informasjon. Det viktigaste per i dag er likevel liv og helse. Inneaktiviteten i klubben er sjølvsagt sett på pause på ubestemt tid.







