ÅRSMØTE I STORD TENNISKLUBB ONSDAG 11.MARS 2020
Stord tennisklubb held årsmøte i klubbhuset onsdag 11.mars kl. 18. Det vert vanlege årsmøtesaker -
Årsmelding for 2019
Rekneskap
Kontingenten for 2020
Val til styret for 2020
Hallsituasjonen og utebanane
Ulike prosjekt og planar framover
Det vert lett servering. Alle medlemer er velkomne!
Styret
Juleavslutning for kursdeltakarane i klubbhuset 17.desember
Sist tysdag var det hyggeleg juleavslutning for kursdeltakarane i haust, i klubbhuset. Her ser me nokre av dei som har vore med, og Luis Soto, vår hovudtrenar. Natalia og Andreas var også med, og er ansvarlege for bileta som vart tekne.
Dei fleste vil vera med vidare ut på nyåret og fram til våren.
Styret
Jenter fra STK med på ROGY-tennis i Bergen
5 av jentene som er med på Luis Soto sine kursopplegg kvar tysdag i Rackethallen deltok i såkalla ROGY-tennis i Bergen laurdag 7.desember. Det var
Iselin
Lea Nora
Lone
Lisa Sofie
Malin
Dei fekk alle spela korte kampar, og klarte seg godt. Premiar og diplom vart utdelte.
På biletet ser du jentene i midten. Tre av dei hadde på seg STK T-skjorte.
Dette er ROGY-tennis: https://www.stordtennis.no/rogy-tour
INTEGRERINGSTILTAK 2 - STK set i gang ny samling for unge asylantar/flyktningar
Stord tennisklubb, i samarbeid med Stord ungdomsskule, set denne hausten i gang ei ny samling for unge asylantar, i Rackethallen. Og som sist er det Luis Soto som tar tak, instruerer og oppmuntrar mange unge frå ulike land og verdsdelar. Klubben har fått løyving til dette føremålet, og i og med at det vart så pass vellukka sist haust og vinter har me valt å prøva på nytt.
Første samlinga var laurdag 5.10, og oppslutninga var god - rundt 20 var med. Som avslutning på økta i Rackethallen vart det servert pizza og brus i klubbhuset.
Det er planlagt 3 økter til i løpet av hausten.
Inge Moe har vore primus motor i dette arbeidet, saman med gode medarbeidarar.
Styret
Biletet er frå Sunnhordland 9.10.19
ONSDAGSTENNIS INNE TEK TIL SNART. KL 20-22, KUN FOR MEDLEMER!
Stord tennisklubb startar snart opp med innetennis for medlemer, i Rackethallen. Timane går som tidlegare på onsdagar, kl. 20 til 22. det er hovudsakleg doublespel, men iblant single.
Me er eit relativt “fast lag” som møter, litt til og frå, men nye fjes er velkomne, om ein kan spela tennis på eit rimeleg greitt nivå.
Ta kontakt med Hans S. på tlf 91163872, eller HANSSD@ONLINE.NO, om du har spørsmål og/eller lyst å vera med!
Så satsar me på trivelig tennis for godt vaksne i haust og til vinteren.
Styret
TENNISKURS I RACKETHALLEN STARTAR SNART! MELD DEG PÅ!
Stord tennisklubb startar opp med nye tenniskurs f.o.m. TYSDAG 27.august, I Rackethallen. Nybyrjarar - barn/unge går kl 18-19, medan oppfølgjarkurs(for dei som har vore med tidlegare/dei som kan litt frå før), går kl 19-20.
Luis og Natalia Soto er kursansvarlege, Luis for nybyrjarane og Natalia for dei litt meir røynde, men dei vil veksla litt på det.
Kursa går fram til desember, og kostar berre kr 800 pr deltakar.
Ta kontakt med Luis Soto, tlf +47 482 78 964, for påmelding/meir informasjon om desse kursa/evt. andre tilbod.
Då er det berre å bestemma seg! Tennis er moro, og alle kan vera med!
Styret
ONSDAGSDOUBLE FOR ALLE
Stord tennisklubb, ved sin sjefstrenar Luis Soto, har sett i gang onsdagssamlingar med doublespel for alle medlemer som ønskjer å vera med på sosial og idrettsleg aktivitet. Om sola skin, om det er overskya, eller i det minste er tørt på banane er det berre å møta opp klokka 17-19 og delta i korte kampar med vekslande lag, slik at flest mogeleg får vera med.
Igår, onsdag 7.8, var ei vellukka samling, og dei 8-10 som møtte opp fekk spela og konkurrera saman og mot kvarandre.
Me tek sikte på å halda fram i august og kanskje også i september, avhengig av “klimaet”.
Me seier takk til Luis for dette initiativet. Biletet viser Luis på terrassen, i godt humør.
Styret
Kontingenten for 2019 - har DU betalt, og fått godt samvit?
Vi oppmodar alle som har vore medlemer av STK - og nye medlemer - til snarast å betala kontingenten for 2019, slik at klubben kan oppretthalda aktivitet og tilbod av ulikt slag, og DU kan spela når du vil med godt samvit.
Kontingenten er framleis berre kr 800 for vaksne, kr 400 for barn/skuleelevar/pensjonistar, og kr 1100 for familiar(2 vaksne/2 barn), og bankkonto nr er 35205422089, eller VIPPS 113270.
Styret
Ferietid i mai - for dei heldige
Redaktøren av denne websida tek ferie i skjønne Alanya, Tyrkia, frå imorgon 27.april til og med 25.mai. Det vert sol, bad, tyrkisk massasje, god mat og drikke, utfluktar, osb.
Ha da kjekt med tennis på Vikahaugane, spesielt om vêret vert like bra som ifjor. Banane er klare, med netta sett opp i rett høgd. Betal kontingenten, og du kan nytta banane så ofte du vil!
Ta godt vare på anlegget, så held det i mange år til.
Hans Simon, redaktør
Ps: Biletet er tatt 17.mai ifjor, frå borgen Alanya Kalesi, mot nord(Kleopatrastranda).
Klart for utesesongen 2019
No er banane klargjorte, kosta og reinska, stolpar og nett sett opp, og då ligg alt til rette for utetennis, som trass i alt er det kjekkaste, når vêr og føre lagar seg slik.
Då er det berre å oppmoda gamle og nye medlemer å betala kontingenten for 2019. Satsane er dei same som tidlegare, og det har aldri vore billegare å spela tennis på Stord, relativt sett.
Skriv deg opp på listene, set deg inn i reglane for sporten, ta vare på anlegget vårt, og ha da kjekt!
Styret
På biletet ser du Bjarne Skimmeland og Hans Simon Dahle, som vann doublemeisterskapen 2014.
VÅRDUGNAD PÅ BANANE LAURDAG 30.MARS FRÅ KL 1100. NB: VÊRAVHENGIG!
Me planlegg vårdugnad på tennisanlegget laurdag 30.mars. Ta på arbeidstøy og ta med høvelege reiskapar om du har, og møt opp på føremiddagen frå kl 11, til ein liten innsats for klubben. Så får vi banane klare og fine til utesesongen!
Styret
Rackethallen bør rivast i 2020, iflg prosjektgruppe
I dagens utgåve av Bladet Sunnhordland kan du lesa om saka. På årsmøtet i STK førstkomande måndag skal me drøfta stoda for tennisens sin del.
Møt opp og delta i diskusjonen!
Styret
ÅRSMØTE I STK - MÅNDAG 11.MARS KL 1830, I KLUBBHUSET
Det vert årsmøte i Stord tennisklubb måndag 11.mars kl 1830, i klubbhuset.
Vanlege årsmøtesaker;
Årsmelding for 2018
Val etter framlegg frå valnemnda
Ymse
Enkel servering.
Vel møtt til alle medlemer!
Styret
Første samling i 2019 - integreringsprosjektet til STK
Laurdag 12.januar var ein stor gjeng jenter og gutar frå flyktningemottaket på Heiane samla i Rackethallen, til sportsleg og sosialt samvêr. Luis Soto hadde ansvaret for det sportslege, medan andre tok tak i det sosiale, med m.a. servering av pizza i klubbhuset.
Trass i nokre vanskar undervegs ser det ut til at dette er eit godt prosjekt, med god deltaking, som me vonar kan bidra til aktivisering og positiv integrering av barn og unge frå flyktningemottaket.
Bilete frå Bladet Sunnhordland. Trenar Luis Soto til venstre.
Integreringstennis i Rackethallen
Stord tennisklubb fekk dette året tildelt kr 10 tusen av Stord kommune for å gjennomføra integreringstiltak retta mot barn og unge ved flyktningemottaket på Heiane. Sist i oktober kom me i gang, med Luis Soto som instruktør i Rackethallen, og sidan då har deltakarar frå mottaket samt nokre av dei som er med på det ordinæret tenniskurset til Natalia Soto vore med i alt 3 gonger. Over nyttår skal det vera to samlingar til.
Deltakarane får teoretisk og praktisk undervisning/instruksjon i tennisspelet sine finessar. Så får dei servert pizza på klubbhuset. Transport til og frå mottaket ordnar også tennisklubben med. Alt i alt ser det ut til å vera eit vellukka tiltak til fremjing av integrering, slik me ser det.
