WEBSIDA ER OPPE OG GÅR IGJEN!

Endeleg!

No har me fått ordna med lisensbetaling for websida, som har vore nede sidan slutten av april. Då kjem me attende med ujamne mellomrom med nyhende, oppdateringar, osb. så godt me kan. I mellomtida er det berre å slå fast at tennisvêret på Vikahaugane er det aller beste for dei som har teikna medlemskap og fått utlevert nytt låskort: http://www.meteovista.no/Europe/Norway/Tennis-Stord/4326563/12

Med tennishelsing

Hans Simon/webansvarleg

Ps: Biletet av Natalia Soto tek me med av di me vonar og reknar med at ho vil ta seg av nye og gamle elevar som ønskjer å ta tenniskurs i Rackethallen frå i haust, slik ho gjorde sist haust og vinter.

Ferie for redaktøren i heile mai månad!

Redaktøren for denne websida tek ferie frå 28.april til 3.juni, og er då i vakre Alanya, i søraustre delen av Tyrkia.

Då vil eg berre minna om å betala kontingenten for året, og når det er gjort - bruk banane til spel, moro og konkurranse. Tennis er gøy, ikkje minst når ein har lært det elementære, kan halda spelet i gang, og får ned feilprosenten.

Så vonar eg denne websida framleis er oppe og går når eg er attende. Me får sjå..

Hans Simon

Årsmøte i STK avvikla 6.mars

Årsmøtet i Stord tennisklubb vart avvikla 6.mars, med 5 frammøtte. Årsmeldinga vart presentert, saman med rekneskap. Med nokre merknader vart begge godkjent av møtelyden.

Klubben er nøgd med at kursverksemda kom i gang att i Rackethallen, med Natalia Soto Danmo som dyktig instruktør, og med god deltaking. Elles er økonomien solid, sjølv om barnehagen avslutta drifta og leigeavtalen med STK, noko som vil gje monaleg mindre inntekter i åra frametter.

Vala gjekk greitt føre seg, og Eirik Spjeld held fram som leiar, med Sigbjørn Eide som nestleiar. Nytt medlem i styret er Andreas Danmo. Biletet syner Sigbjørn til venstre og Eirik til høgre.

Det vart vedteke av medlemskap frå no skal følgja kalenderåret, og difor kan innbetaling av kontingent(uendra frå tidlegare!), skje snarast. Det er no lett å betala med VIPPS, og klubben sitt Vippsnr er 113270.

Styret v/Hans Simon

NYTT KURSTILBOD VINTER OG VÅR 2018

Stord tennisklubb set i gang nytt kurstilbod f.o.m. 9.januar 2018, for born og ungdommar.

Me har desse tidene: Tysdagar kl 17-18, for nybyrjarar, og tysdagar kl 18-19, for vidarekomne og dei som kan litt frå før.

Vår dyktige og entusiastiske instruktør, Natalia Soto, svarer på spørsmål og kan ta imot påmelding. Tlf 94255458.

Det er Natalia du ser på biletet, frå utebanane.

Kursprisen er ikkje bestemt enno, men vert rimeleg.

STK/styret

Trivelig med doublespill i hallen på onsdagskveldene

Onsdag kveld fra kl 20 til 22 er tid for doublespill i Rackethallen. Med litt skiftende mannskap er dette en god blanding av tekniske og taktiske ferdigheter, hard konkurranse om games, set og match, men også trivelig sosialt samvær for medlemmer av klubben.

Denne onsdagen var det Cecilie, Geza, Hans Simon og Antanas som var med.

Ellers har Rune, Krister, Svein og Odd-Bjørn vært med noen ganger i høst.

Nettstolper er bestilt

Som flere vil vite ble ene nettstolpen på bane 2 delvis ødelagt i løpet av håndballfestivalen i vår. Nettstolpene ellers var ikke i fullverdig forfatning heller, og klubben har bestilt to sett stolper som bør være oss i hende snart.

Så snart stolper og nett er montert og strammet opp i rett høyde er banene klare for regulær drift.

Pr idag kan bane 1 brukes noenlunde som vanlig, mens nettet på bane 2 ikke lar seg regulere til rett høyde.

Vi beklager forholdene, men snart vil alt være i orden igjen!

Styret

Kom mai du skjønne milde..

Hei alle tennisvenner på Stord!

Våren og forsommeren har kommet og alt ligger til rette for en ny og forhåpentlig god sommersesong i STK.

Medlemskap kan fornyes og tegnes nå. Se under medlemskap i hovedmenyen. Når kontingenten er betalt vil du få tildels låskort til banene. NB: Vi endrer IKKE låskode/kort iår. Bruk kortet du fikk ifjor om du betalte kontingenten for 2016.

Kontingenten er svært rimelig og har ikke blitt økt på flere år.

Da ønsker vi alle tidligere og nye spillere velkommen på banene.

Respekter reglene, og husk at tennis er en fair play sport fremfor noen!

Styret