Integreringstennis i Rackethallen

Stord tennisklubb fekk dette året tildelt kr 10 tusen av Stord kommune for å gjennomføra integreringstiltak retta mot barn og unge ved flyktningemottaket på Heiane. Sist i oktober kom me i gang, med Luis Soto som instruktør i Rackethallen, og sidan då har deltakarar frå mottaket samt nokre av dei som er med på det ordinæret tenniskurset til Natalia Soto vore med i alt 3 gonger. Over nyttår skal det vera to samlingar til.

Deltakarane får teoretisk og praktisk undervisning/instruksjon i tennisspelet sine finessar. Så får dei servert pizza på klubbhuset. Transport til og frå mottaket ordnar også tennisklubben med. Alt i alt ser det ut til å vera eit vellukka tiltak til fremjing av integrering, slik me ser det.

På biletet ser me Luis i gang med undervisning av interesserte barn og ungdommar. Dette er frå første samlinga i haust.