Årsmøte i STK avvikla 6.mars

Årsmøtet i Stord tennisklubb vart avvikla 6.mars, med 5 frammøtte. Årsmeldinga vart presentert, saman med rekneskap. Med nokre merknader vart begge godkjent av møtelyden.

Klubben er nøgd med at kursverksemda kom i gang att i Rackethallen, med Natalia Soto Danmo som dyktig instruktør, og med god deltaking. Elles er økonomien solid, sjølv om barnehagen avslutta drifta og leigeavtalen med STK, noko som vil gje monaleg mindre inntekter i åra frametter.

Vala gjekk greitt føre seg, og Eirik Spjeld held fram som leiar, med Sigbjørn Eide som nestleiar. Nytt medlem i styret er Andreas Danmo. Biletet syner Sigbjørn til venstre og Eirik til høgre.

Det vart vedteke av medlemskap frå no skal følgja kalenderåret, og difor kan innbetaling av kontingent(uendra frå tidlegare!), skje snarast. Det er no lett å betala med VIPPS, og klubben sitt Vippsnr er 113270.

Styret v/Hans Simon