Førre veke kom den triste meldinga om at Hans Simon Dahle er gått bort etter ein periode med alvorleg sjukdom. Hans har vore ein sterk bidragsytar i Stord Tennisklubb heilt frå oppstarten på 80-talet.
Hans har vore styremedlem gjennom fleire tiår, og har også vore leiar av klubben. Hans sitt engasjement for tennissporten har vore stort, og han har vore viktig i drifta av ein relativt liten frivillig organisasjon. Han har vore webredaktør og nyhendeansvarleg heilt fram til det siste. Elles var Hans fast referent frå styremøta, der han alltid førte ryddige og gode referat.
For mange av klubben sine medlemmer var Hans også ein godt likt lærar under tida på Stord vidaregåande skule.
Stord Tennisklubb lyser fred over Hans Simon Dahle sitt minne ❤️🎾❤️
