STK ønskjer å kartleggja kva spelande medlemer ønskjer av timar i Rackethallen sesongen 2022-23, med start 22.august og slutt 11.juni -23. Desse timane må betalast og pr no kostar ein time singlespel kr 75 pr spelar, og ein doubletime kr 50 pr spelar. Dei som får tildelt slike timar er sjølve ansvarlege for bruk og betaling.
I tillegg vil klubben kjøpa nokre faste timar, som så kan delast ut på same vilkåra. Denne sesongen har det vore på onsdagar, kl 20-22, primært for doublespel.
Meld frå til klubben, og seinast pr 31.mai. Ring gjerne Sigbjørn Eide, tlf 91753455, for nærare informasjon.
Styret